LibreOffice 26.2 Hjelp
Feilmeldingsverktøyet vert opna automatisk når eit program krasjar.
Feilmeldingsverktøyet samlar inn all informasjon som programutviklarane treng for å gjera koden betre, slik at dei kan hindra at den same feilen oppstår i seinare versjonar av programmet. Vi oppfordrar deg til å senda inn feilmeldinga som vert laga. På denne måten hjelper du oss til å gjera programma betre.
Ved dei fleste programkrasja vil feilrapporteringsverktøyet starta automatisk.
Select the checkbox if you want to restart LibreOffice in troubleshoot mode. Then click the button.
Når ein krasjrapport er sendt inn, vert det opna eit vindauge med adressa for rapporten. Kopier adressa og lim ho inn i ein nettlesar for å sjå rapporten.
Du får ikkje noko svar på krasjrapporten. Treng du hjelp, sjå innom Community Assistance for å få ei oversikt over dei ulike moglegheitene.
Krasjrapporten sender informasjon om feiltypen som var årsak til krasjet og prosessminneinnhaldet på tidspunktet då det sjedde. Minneinnhaldet inneheld: ei liste over nedlasta bibliotek og versjonsnummeret deira; ei liste over gjeldande trådar med innhaldet i stabelminnet deira og prosessorregistertilstandar. Minnesporinga vert samla lokalt av standard systemverktøy: dbghelp.dll på Windows-system; clone(), ptrace() og /proc på Linux-system.
Det vert også send informasjon om LibreOffice-versjonen, namn og versjon på operativsystemet og maskinvaren (CPU-type og funksjonar; total RAM; grafisk eining og drivar).
Krasjrapporten er anonym. Det vert ikkje sendt identifikasjonsinformasjon og heller ikkje noko dokumentinnhald. Rapportdataa vert sende som ein fleirdelt HTTP POST-førespurad. Sjå også personvernreglane ‒ avsnitt I.XI
Leverandørar som Ubuntu og Apple pakkar sine eigne krasjrapportar i sin versjon av LibreOffice. Ingen data vert sende til The Document Foundation.