Kopiera reknearkområde til tekstdokument

  1. Opna både tekstdokumentet og reknearket.

  2. Merk arkområdet du vil kopiera.

  3. Peik på det merkte området og trykk på museknappen. Hald museknappen inne eit par sekund og dra deretter området inn i tekstdokumentet.

  4. Når peikaren er plassert der du vil setja inn området frå arkområdet, slepp du knappen. Arkområdet vert sett inn som eit OLE-objekt.

  5. Du kan når som helst merkja og redigera OLE-objektet.

  6. Du kan redigera OLE-objektet ved å dobbeltklikka på det.

    Du kan også merkja objektet og bruka Rediger → Objekt → Rediger eller velja Rediger frå sprettoppmenyen. Objektet vert redigert i si eiga ramme inne i tekstdokumentet, men du vil sjå knappane og menykommandoane du treng for rekneark.

  7. Vel Opna for å opna kjeldedokumentet for OLE-objektet.

Dra og sleppa i eit LibreOffice-dokument

Kopiera bilete mellom dokument

Kopiera bilete frå galleriet

Leggja til bilete i galleriet

Støtt oss!