Leggja til bilete i galleriet

Du kan bruka dra og slepp til å kopiera eit bilete frå eit dokument, for eksempel ei HTML-side, til galleriet.

  1. Vel galleritemaet der du vil leggja til biletet.

  2. Plasser musepeikaren over biletet, men ikkje klikk på det.

  3. Viss peikaren vert endra til eit handsymbol, viser biletet til ei hyperlenkje. Du kan då klikka på eit bilete medan du trykkjer for å merkja biletet utan å opna lenkja det viser til.

    Viss peikaren ikkje vert endra til eit handsymbol, kan du ganske enkelt klikka på biletet for å merkja det.

  4. Slepp opp museknappen når biletet er merkt. Klikk på biletet igjen og hald museknappen inne i meir enn to sekund. Biletet vert kopiert til internminnet.

  5. Dra biletet til galleriet utan å sleppa museknappen.

Støtt oss!