LibreOffice 25.2 Hjelp
Med dra og slepp kan du raskt kopiera frå ei datakjelde til eit tekstdokument eller eit rekneark eller laga skjema på grunnlag av ei datakjelde.
Kopiera med dra og slepp
Viss du angrar på at du har brukt dra og slepp, kan du setja markøren i dokumentet og velja Rediger → Angra.
Du kan også bruka dra og slepp til å kopiera frå eit dokument til ei datakjelde:
Ein teksttabell eller det merkte området i eit rekneark kan dragast ved å bruka dra og slepp til ein tabellhaldar i datakjeldeutforskaren.
Du kan bruka dra og slepp til å kopiera rein tekst frå eit dokument til eit datafelt i datakjeldevisinga.
Du kan setja inn eit databasefelt i eit tekstdokument ved å dra eit feltnamn frå kolonneoverskrifta i datakjeldevisinga til dokumentet. Dette er spesielt nyttig når du lagar standardbrev. Du kan ganske enkelt dra felta du vil bruka, for eksempel heimeadresse, tiltaleform og anna, inn i dokumentet.
Viss du vil setja inn ein heil post, kan du merkja den tilsvarande overskrifta og dra ho inn i dokumentet. Når du slepp opp museknappen, kjem dialogvindauget Set inn databasekolonnar fram. Her kan du velja om du vil bruka alle databasefelta og om du vil kopiera dataa til dokumentet som tekst, som ein tabell eller som felt. Alle postane du har merkt vert sette inn.
Du kan setja inn éin eller fleire postar i det gjeldande arket i eit rekneark ved å merkja radene i datakjeldevisinga og dra og sleppa dei i reknearket. Dataa vert sette inn der markøren er plassert når du slepp opp museknappen.
Når du lagar eit tekstskjema som er lenkja til ein database, kan du laga kontrollelement ved å dra og sleppa frå datakjeldevisinga.
Når du dreg ein databasekolonne inn i eit tekstdokument, set du inn eit felt. Viss du trykkjer Shift +
medan du dreg, vert det sett inn eit tekstfelt gruppert med eit passande etikettfelt. Tekstfeltet inneheld databaseinformasjonen du treng for skjemaet.