Dra og sleppa i eit LibreOffice-dokument

Det er mange val for flytting eller kopiering av objekt ved bruk av dra og slepp. Tekstdelar, teikningar, bilete, skjemakontrollelement, hyperlenkjer, celleområde og mange fleire kan flyttast eller kopierast med musa.

Legg merkje til at musepeikaren viser eit plussteikn når du kopierer og ei pil når du lagar ei lenkje eller ei hyperlenkje.

Musepeikar

Skildring

Musepeikar når data vert flytt

Flytting

Kopiere data med musepeikaren

Kopierer

Setja inn lenkje med musepeikaren

Laga ei lenkje


Viss du trykkjer eller Shift + når du slepp museknappen, kan du kontrollera om objektet er kopiert, flytta eller lenkja.

Ikon

Viss du drar objekt ut av dokumentstrukturen, kan du angje i undermenyen til Dokumentstruktur → Dramodus-ikonet om du vil kopiera objektet, setja det inn som ei lenkje eller setja det inn som ei hyperlenkje.

Tipsikon

Du kan når som helst avbryta dra og sepp i LibreOffice ved å trykka Esc-tasten før du slepp opp museknappen.


Kopiera bilete mellom dokument

Kopiera reknearkområde til tekstdokument

Kopiera bilete frå galleriet

Leggja til bilete i galleriet

Støtt oss!