LibreOffice 25.2 Hjelp
Gjer éin av desse:
Vel
Vel
Trykk ei stund på symbolet Opna på standardverktøylinja og vel Opna ekstern fil nedst i lista.
Merk fila du vil opna og trykk på Opna.
For å avgrensa kva filer som skal visast i dialogvindauget Opna til ein bestemt type, vel filtype i lista Filtype. For å visa alle filene, vel Alle filer.
Som regel vert alle dokument opna med markøren plassert i byrjinga av dokumentet.
Eitt unntak er når forfattaren av eit Writer-tekstdokument lagrar og opnar dokumentet igjen. Markøren vil då vera der han var då dokumentet vart lagra. Dette gjeld berre når namnet på forfattaren er skrive inn i
.Trykk Shift + F5 for å setja markøren til den siste lagra posisjonen.
Trykk på knappen Ny på standardverktøylinja eller vel Fil → Ny(tt). Dette opnar eit dokument av den gjevne dokumenttypen.
Viss du trykkjer på pila ved sida av knappen Ny, kjem det opp ein undermeny der du kan velja ein annan dokumenttype.