LibreOffice 25.2 Hjelp
Dei følgjande to indstillingane er slått på som standard ved nye installasjonar.
Vel → Last inn/lagra → Generelt.
Merk av for Lag alltid ein reservekopi.
Viss du har vald Lag alltid ein reservekopi vert den gamle versjonen av fila lagra i mappa for tryggingskopiar kvar gong du lagrar den gjeldande versjonen av fila.
For å endra kvar reservekopiane skal lagrast, vel → LibreOffice → Stiar og skriv inn ein ny sti for reservekopiane.
Reservekopien har det same namnet som dokumentet, men har filtypen «.BAK». Vis mappa for reservekopiar inneheld ei fil med dette namnet frå før, vert denne overskrive utan varsel.
Vel → Last inn/lagra → Generelt.
Merk av for Lagra gjenopprettingsinformasjon kvart og vel tidsintervallet du vil bruka.
Denne kommandoen lagrar informasjonen som krevst for å gjenoppretta det gjeldande dokumentet viss programmet krasjar. Viss eit program krasjar, vil LibreOffice også prøva å lagra gjenopprettingsinformasjon for alle opne dokument om det er mogleg.