Bruka digitale signaturar

Skaffa eit sertifikat

Du kan skaffa deg eit sertifikat frå ein sertifikatutskrivar. Om du vel ein offentleg institusjon eller eit privat firma, er det vanleg å måtte betala for sertifikatet for eksempel når dei bekreftar identiteten din. Det er også råd å få gratis sertifikat for eksempel frå CAcert, som er eit «Open Source Project» basert på den stadig meir populære og pålitelege modellen «Web of Trust».

Handtera sertifikata dine

Signera eit dokument

  1. Vel Fil → Digitale signaturar → Digitale signaturar

  2. Ein meldingsboks rår deg til å lagra dokumentet. Trykk Ja for å lagra dokumentet.

  3. Når du har lagra dokumentet vert dialogvindauget Digitale signaturar opna. Trykk på Legg til for å leggja til ein offentleg nøkkel i dokumentet.

  4. Merk sertifikatet ditt i dialogvindauget Vel sertifikat og trykk på OK.

  5. Dialogvindauget for digitale signaturar vert opna igjen. Her kan du leggja til fleire sertifikat om du ønskjer det. Klikk OK for å leggja den offentlege nøkkelen til den lagra fila.

Eit signert dokument viser symbolet Ikon på statuslinja. Du kan dobbelklikka på dette ikonet om du vil sjå nærare på sertifikatet.

Resultatet av signaturvalideringa vert vist i statuslinja og i dialogvindauget for digital signatur. Eit ODF-dokument kan innehalda fleire dokument- og makrosignaturar. Om éin av signaturane ikkje vert godkjend, vert ingen av signaturane godkjende. Dette betyr at dersom eit dokument inneheld ti gyldige signaturar og éin ugyldig signatur, vil statuslinja og statusfeltet i dialogvindauget visa at signaturane er ugyldige.

Signering av makroane i eit dokument

Normalt er makroar er del av eit dokument. Viss du signerer eit dokument, vert makroane i dokumentet automatisk signerte. Viss du vil berre signera makroane og ikkje dokumentet, gjer du slik:

  1. Vel Verktøy → Makroar → Digital signatur

  2. Legg til signaturen slik som omtalt ovanfor for dokument.

Når du opnar Basic-IDE-en som inneheld signerte makroar, kjem det opp eit ikon Ikon på statuslinja.
Du kan dobbelklikka på dette ikonet om du vil sjå nærare på sertifikatet.

Støtt oss!