Utviklingsverktøy

Inspiserer objekt i LibreOffice-dokument og viser UNO-tenester som støttar desse, i tillegg tilgjengelege metodar, eigenskapar og implementerte grensesnitt.

Denne funksjonen let deg også utforska dokumentstrukturen ved å bruka Document Object Model (DOM).

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Verktøy → Utviklingsverktøy

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Utviklingsverktøy i fana Verktøy i menyen Verktøy.

Frå verktøylinjer:

Ikon Utviklingsverktøy

Utviklingsverktøy


note

Utviklingsverktøya er synlege i alle dokument i LibreOffice Writer, Calc, Impress og Draw. Visinga held fram og er synleg til ho vert slått av.


Når Utviklingsverktøy er slått på, vert det vist eit vindauge nedst på skjermen. Vindauget kan limast inn. Dette vindauget har to seksjonar:

note

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 7.2 for Writer, Calc, Impress og Draw.


Dokumentmodell trevising

Venstre side av vindauget inneheld ein av/på-knapp for Gjeldande utval, ein Oppdater-knapp og ei trevising som viser alle objekta i dokumentet.

Korleis trevisinga oppfører seg, er avhengig av statusen til av/på-knappen Gjeldande val:

Kva for objekttypar som vert viste i dokumentmodelltrevisinga er avhengig av LibreOffice-programmet som er i bruk:

LibreOffice-program

Støtta objekt

Writer

Avsnitt
Tekstdelar i eit avsnitt
Figurar
Tabellar
Rammer
Grafiske objekt
Innebygde objekt (OLE)
Stilfamiliar og stilar

Calc

Ark
Former per ark
Diagram per ark
Pivottabellar per ark
Stilfamiliar og stilar

Impress

Lysbilete
Former per lysbilete
Hovudlysbilete
Stilfamiliar og stilar

Draw

Sider
Former per side
Stilfamiliar og stilar


Objektinspeksjonspanel

Den høgre sida av vindauget er Objektinspeksjonspanelet som visar informasjon om objektet som vert inspisert.

Klassenamn: namnet på objektklassen.

tip

Bruk klassenamnet for å søkja etter meir informasjon i API-dokumentasjonen. For eksempel er toppnivåobjektet i eit Writer-dokument ei førekomst av klassen SwXTextDocument, som er dokumentert i SwXTextDocument Class Reference.


Du kan inspisera objektet vidare ved å bruka dei fire tilgjengelege fanene som viser grensesnitt, tenester, eigenskapar og metodar for objektet.

Informasjonen om objektet er organisert i kolonnar i kvar fane. Settet med kolonnar som vert viste er avhenger av den valde fana.

Grensesnitt-fana

Inneheld ein enkelt kolonne som visar lista over grensesnitt implementert av objektet.

Teneste-fana

Inneheld ein enkelt kolonne som visar lista over tenester som vert støtta av objektet.

Eigenskaps-fana

Inneheld fire kolonnar som skildrar eigenskapane til objektet:

tip

Fana Eigenskapar inneheld også ein tekstboks nederst for å visa den fullstendige tekstrepresentasjonen av eigenskapsverdien.


Metode-fana

Inneheld fire kolonnar som forklarar den kombinerte lista over metodar som kan kallast opp av det gjeldande objektet:

Støtt oss!