LibreOffice 25.2 Hjelp
Data vert lagra i tabellar. For eksempel er systemadresseboka di, som du bruker til e-post-adresser, ein tabell i adresseboksdatabasen. Kvar adresse er ein datapost, presentert som ei rekkje i tabellen. Datapostane er bygd opp av datafelt, for eksempel felta «Fornamn», «Etternamn» og «E-post».
I LibreOffice kan du laga ein ny tabell ved å bruka tabellvegvisaren:
Opna databasefila som du vil laga den nye tabellen i.
Trykk på ikonet Tabellar i det venstre feltet i databasevindauget.
Trykk på Lag tabell med vegvisar.
Opna databasefila som du vil laga den nye tabellen i.
Trykk på ikonet Tabellar i det venstre feltet i databasevindauget.
Trykk på Lag tabell i utformingsvising.
Vindauget Tabellutforming vert opna.
Nokre databasetypar har støtte for tabellvisingar. Ei tabellvising er ei spørjing som vert lagra med databasen. For dei fleste databaseoperasjonane kan ei vising brukast på same måten som ein tabell.
Opna databasefila som du vil laga den nye tabellvisinga i.
Trykk på ikonet Tabellar i det venstre feltet i databasevindauget.
Trykk på Lag tabellvising.
Du ser dialogvindauget for visingsutforming, som er nesten det same som vindauget for spørjingsutforming.