Tabellutforming

Dette avsnittet inneheld informasjon om korleis du lagar ein ny databasetabell i utformingsvising.

Opna databasefila som du vil laga ein ny tabell i. Klikk på ikonet Tabellar. Vel Lag tabell i utformingsvising for å laga ein ny tabell.

Du kan nå laga felt for tabellen i utformingsvisinga.

Merknadsikon

Kvart felt kan berre ha data som svarar til den angjevne felttypen. For eksempel er det ikkje mogleg å skriva inn tekst i eit talfelt. Memofelt i dBASE III-format er tilvisingar til internt administrerte tekstfiler som kan innehalda opp til 64 KB tekst.


Du kan skriva inn ei valfri Skildring for kvart felt. Teksten for forklaringa vert vist som eit tips på kolonneoverskriftene i tabellvisinga.

Felteigenskapar

Skriv inn eigenskapar for kvart merkt datafelt. Kva for eigenskapar som er tilgjengelege, er avhengig av databasetypen.

Skriv inn standardinnhald for kvar ny datapost i feltet Standardverdi. Innhaldet kan endrast seinare om nødvendig.

Bestem om feltet kan vera tomt i boksen Oppføring påkravd.

For feltet Lengd kan ein kombinasjonsboks med dei tilgjengelege vala koma fram.

Databaseoversikt

Støtt oss!