Laga rapportar

Ein rapport er eit Writer-tekstdokument som kan visa data i ei ordna rekkjefølgje og formatering. I LibreOffice Base har du valet mellom å laga ein rapport manuelt ved bruk av dra og slepp i rapportbyggjar-vindauget eller halvautomatisk ved å følgja ein serie med dialogvindauge i rapportvegvisaren.

Denne lista inneheld informasjon du kan bruka for å bestemma kva metode du bør bruka for dataa dine:

Rapportbyggjar

Rapportvegvisar

Starta med kommandoen «Lag rapport i utformingsvising».

Starta med «Lag rapport med rapportvegvisar».

Full fleksibilitet med omsyn til å bruka rapporttopptekstar og rapportbotntekstar, sidetopptekstar og sidebotntekstar og rapportar med fleire spalter.

Brukar ein Writer-mal for å laga eit rapportdokument.

Bruk dra og slepp for å plassera datapostfelt eller andre utformingselement som bilete eller linjer.

Ordna datapostane gjennom å velja mellom fleire moglege forslag.

Lagar eit augneblinksbilete av dataa. Ønskjer du å sjå ein oppdatert rapport, køyr den same rapporten igjen for å laga eit nytt Writer-dokument med den nye informasjonen.

Du kan velja å laga eit statisk bilete med faste data eller ein dynamisk rapport med lenkjer til dei gjeldande dataa som vert oppdaterte når databasen vert opna.

Lagrar rapporten som eit Writer-tekstdokument med informasjon om korleis rapporten kan lagast i databasen.

Lagrar rapporten og informasjonen om korleis rapporten kan lagast i Base-fila.

Vel «Opna» i sprettoppmenyen eller dobbeltklikk på rapportnamnet for å laga ein ny rapport med dei gjeldande dataa.

Vel «Opna» i sprettoppmenyen eller dobbeltklikk på rapportnamnet for anten å sjå det statiske augneblinksbiletet eller for å laga ein ny rapport med dei gjeldande dataa. Dette er avhengig av vala du har gjort på den siste sida i vegvisaren.

Vel «Rediger» i sprettoppmenyen for eit rapportnamn for å opna rapportbyggjar-vindauget med rapportinformasjonen lasta inn.

Vel «Rediger» i sprettoppmenyen for eit rapportnamn for å redigera Writer-malfila som vart brukt til å laga rapporten.


Laga ein ny rapport manuelt i utformingsvising

  1. Opna databasefila som du vil laga den nye rapporten i.

  2. Trykk på Rapportar i det venstre feltet i databasevindauget.

  3. Klikk på Lag rapport i utformingsvising.

  4. Følj instruksjonane i vegvisaren Rapportbyggaren.

Laga ein ny rapport med rapportvegvisaren

  1. Opna databasefila som du vil laga den nye rapporten i.

  2. Trykk på Rapportar i det venstre feltet i databasevindauget.

  3. Trykk på Lag rapport med vegvisar.

  4. Følj stega i rapportvegvisaren for å laga rapporten.

Støtt oss!