LibreOffice 24.8 Hjelp
LibreOffice lagrar informasjon om rapportane som er laga i databasefila.
Vel Fil → Opna og merk databasefila.
Trykk på Rapportar i det venstre feltet i databasevindauget.
Dobbeltklikk på namnet til ein av rapportane for å opna han.
Desse referansane vert oppretta automatisk når du lagar ein ny rapport med rapportvegvisaren eller rapportutforminga.
Høgreklikk på namnet til ein av rapportane i databasefilvindauget og vel Rediger.
Rapportbyggjar-vindauget vert opna med rapportinformasjonen lasta inn.
Bruk verktøylinjene og menykommandoane og dra og slepp for å redigera rapporten som omtalt i vegvisaren for rapportbyggjaren.
Køyr rapporten for å sjå rapportdokumentet.
På den siste dialogsida i rapportvegvisaren kan du velja å redigera rapportmalen før du brukar rapporten.
Du kan redigera sidestilane for den første sida og dei følgjande sidene av rapporten, i tillegg til avsnittstilar, talformat, dei utskrivne feltetikettane med meir.
Du bør ikkje redigera SQL-setninga, databasenamnet, dei gøymde formularkontrollelementa eller tilsvarande informasjon om rapporten utan at du har god kunnskap om databasar og rapportar.