Arbeida med spørjingar

Viss du ofte ønskjer tilgang til berre ei delmengd av dataa som kan definerast av eit filtervilkår, kan du definera ei spørjing. Dette er ein annan måte å visa filtrerte data på. Du opnar spørjinga og får fram dei aktuelle dataa i den nye tabellutforminga.

Laga ei ny spørjing med vegvisaren for spørjingar

I LibreOffice kan du laga ei ny spørjing ved å bruka Vegvisar for spørjingar:

  1. Opna databasefila som du vil laga den nye spørjinga i.

  2. Trykk på Spørjingar i det venstre feltet i databasevindauget.

  3. Trykk på Lag spørjing med vegvisar.

Laga ei ny spørjing i utformingsvising

  1. Opna databasefila som du vil laga den nye spørjinga i.

  2. Trykk på Spørjingar i det venstre feltet i databasevindauget.

  3. Trykk på Lag spørjing i utformingsvising.

You see the Query Design window.

Støtt oss!