Importera og eksportera data i Base

Ein enkel metode du kan bruka til å importera og eksportera databasetabellar, er å bruka Calc som eit «hjelpeprogram».

Eksportera data frå Base

Kopier ein tabell frå Base til eit nytt ark i Calc. Deretter kan du lagra eller eksportera dataa til eit filformat som Calc støttar.

  1. Opna databasefila som inneheld databasetabellen du vil eksportera. Trykk på Tabellar for å visa tabellane eller trykk på Spørjingar for å visa spørjingane.

  2. Vel Fil → Ny(tt) → Rekneark.

  3. Høgreklikk på namnet til tabellen du vil eksportera i Base-vindauget. Vel Kopier i sprettoppmenyen.

  4. Klikk i celle A1 i det nye Calc-vindauget og vel Rediger → Lim inn.

Nå kan du lagra eller eksportera dataa til mange ulike filtypar.

Importera data til Base

note

Du kan importera tekstfiler, reknearkfiler og systemadresseboka berre i skriveverna modus.


note

Når du importerer frå ei tekstfil eller ei reknearkfil, må den første rada i fila innehalda overskriftsinformasjon. Den andre rada i fila er den første gyldige datarada. Formatet til kvart felt i den andre rada bestemmer formatet for heile kolonnen. All formatinformasjon i reknearkfila forsvinn ved import til Base.


note

Viss du for eksempel vil vera sikker på at den første kolonnen har tekstformat, bør du syta for at det første feltet i den første gyldige datarada inneheld tekst. Viss eit felt i den første gyldige datarada inneheld eit tal, får heile kolonnen talformat slik at berre tal vert viste i denne kolonnen, men ingen tekst.


  1. Opna ei Base-fil med databasetypen du vil bruka.

    Du kan anten laga ei ny fil i Base ved hjelp av databasevegvisaren, eller du kan opna ei eksisterande Base-fil som ikkje er skriveverna.

  2. Opna Calc-fila som inneheld dataa som skal importerast til Base. Du kan opna ei *.dbf dBASE-fil eller mange andre filtypar.

  3. Merk dataa som skal kopierast til Base.

    Du kan skriva inn eit område som A1:X500 i namnefeltet viss du ikkje vil rulle i fila.

    Viss du kopierer eit dBASE-ark, ta med den øvste rada som inneheld overskriftsdataa.

  4. Vel Rediger → Kopier.

  5. Trykk på Tabellar i Base-vindauget for å visa tabellane.

  6. Vel Rediger → Lim inn i vindauget i Base.

  7. Dialogvindauget for å kopiera tabellar vert vist. Dei fleste databasane treng ein primærnøkkel, så du må kanskje kryssa av i boksen Lag primærnøkkel.

tip

I Windows-system kan du også bruka dra og slepp i staden for kopiering og innliming. For registrerte databasar kan du også opna datakjeldelesaren (ved å trykke på + Shift + F4) i staden for å opna Base-vindauget.


Støtt oss!