LibreOffice 25.2 Hjelp
Når du brukar skjema, kan du bestemma korleis dataa skal visast. Opna eit tekstdokument eller eit rekneark og set inn kontrollelementa du vil bruka, for eksempel trykknappar og listeboksar. Kvart kontrollelement har eit dialogvindauge for eigenskapar som du kan bruka til å velja kva data som skal visast i skjemaa.
I LibreOffice du kan laga eit nytt skjema ved å bruka skjemavegvisaren:
Opna databasefila der du vil laga det nye skjemaet.
Klikk på ikonet Skjema i det venstre feltet i databasevindauget.
Trykk på Lag skjema med vegvisar.
Opna databasefila der du vil laga det nye skjemaet.
Klikk på ikonet Skjema i det venstre feltet i databasevindauget.
Trykk på Lag skjema i utformingsvising.
Eit nytt tekstdokument vert opna. Bruk verktøylinja Kontrollelement for skjema til å setja inn kontrollelement i skjemaet.
Trykk på Skjema for å få tilgang til alle skjema som er laga ved hjelp av det gjeldande databasevindauget. Du kan også bruka knappane på verktøylinja Kontrollelement for skjema til å leggja til kontrollelement for databaseskjema i kva Writer- eller Calc-dokument som helst, men desse dokumenta vert ikkje viste i lista i databasevindauget.