LibreOffice 24.8 Hjelp
Ved hjelp av SQL-kommandoar kan du styra databasen direkte, og du kan også laga og redigera tabellar og spørjingar.
Ikkje alle databasetypar støttar alle SQL-uttrykka. Om nødvendig bør du undersøkja kva SQL-kommandoar som vert støtta av databasesystemet du brukar.
Vel Fil → Opna for å opna ei databasefil.
Vis Fil → Opna.
Trykk på Lag spørjing i SQL-vising-ikonet eller
Vel ei eksisterande spørjing frå lista og klikk på ikonet Rediger .
I spørjingsvindauget vel du Vis → Slå på/av utformingsvising. Rediger SQL-kommandoen.
Trykk på Køyr-ikonet . Resultatet av spørjinga vert vist i det øvre vindauget.
Trykk knappen Lagra eller Lagra som-ikonet for å lagra spørjinga.