LibreOffice 25.2 Hjelp
Viss du ønskjer å utveksla data med ein database som ikkje har ei ODBC-kopling og som ikkje tillet import og eksport frå og til dBASE, kan du bruka eit vanleg tekstformat.
Viss du vil utveksla data i eit tekstformat, kan du bruka import-/eksportfilteret i LibreOffice Calc.
Eksporter dei ønskte dataa frå kjeldedatabasen i eit tekstformat. Tekstformatet CSV er tilrådd. Dette formatet skil datafelta med skiljeteikn som kolon eller semikolon og skil postar frå kvarandre ved å setja inn linjeskift.
Vel Fil → Opna og merk fila du vil importera.
Vel «Tekst, CSV» i kombinasjonsboksen Filtype og vel Opna.
Dialogvindauget Tekstimport kjem fram. Bestem deg for kva data du vil ta med frå tekstdokumentet.
Når dataa er i eit LibreOffice Calc-rekneark, kan du redigera reknearket etter behov. Lagra dataa som ei datakjelde i LibreOffice:
Lagra det gjeldande LibreOffice Calc-reknearket i dBASE-format i mappa til ein dBASE-database. Dette gjer du ved å velja Fil → Lagra som, velja «dBASE» som Filtype og lagra i mappa som inneheld dBASE-databasen.
Du kan eksportera det gjeldande LibreOffice-reknearket i eit tekstformat som kan lesast av mange andre program.
Vel Fil → Lagra som.
Vel «Tekst, CSV» som filter i Filtype. Skriv inn eit filnamn og trykk på Lagra.
Dette opnar dialogvindauget Eksport av tekstfiler der du kan velja teiknsett og felt- og tekstskiljeteikn. Trykk OK. Det kjem fram ei åtvaring om at berre gjeldande skjema vart lagra.