LibreOffice 24.8 Hjelp
LibreOffice støtter hindi, thai, hebraisk og arabisk som språk som brukar kompleks tekst.
Viss du vel tekstflyt frå høgre til venstre, vert innebygd vestleg tekst likevel vist frå venstre til høgre. Skrivemerket responderer på piltastane slik at høgrepila flytter skrivemerket til slutten av teksten og venstrepila til byrjinga av teksten.
Du kan endra skriveretninga for teksten direkte ved å bruka ein av desse tastekombinasjonane:
+ Shift + D eller + Høgre Shift → set tekstretninga frå høgre til venstre
+ Shift + A eller + Venstre Shift → set tekstretninga frå venstre til høgre
Tastekombinasjonane verkar berre når støtte for CTL er slått på.
I sider med fleire spalter der bolkar eller rammer er formaterte med tekstflyten frå høgre mot venstre, er den første spalta den høgre spalta og den siste spalta er den venstre spalta.
I LibreOffice Writer-tekst formatert som Thai har desse eigenskapane:
I avsnitt med like margar er teikna strekte ut til ut til margane. I andre språk er mellomromma mellom orda strekte.
Bruk tasten Delete for å sletta eit heilt samansett teikn. Bruk rettetasten for å sletta den siste delen av det førre samansette teiknet.
Bruk Pil høgre eller Pil venstre for å bytta til neste eller førre hele samansette teikn. For å plassera skrivemerket inni eit samansett teikn, bruk
+ Piltast.