LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan setja inn tekst i andre dokumenttypar, som for eksempel rekneark og presentasjonar. Ver merksam på at det er skilnad på om du set inn tekst i ei ramme, i ei reknearkcelle eller i disposisjonsvisinga i ein presentasjon.
Viss du kopierer tekst til utklippstavla, kan du lima han inn med eller utan teksteigenskapar. Bruk snartastane
+ C for å kopiera og + V for å lima inn.Du kan velja formatet som skal brukast på innhaldet frå utklippstavla når du limer det inn ved å trykka på pila ved sida av knappen Lim inn på standardverktøylinja eller ved å velja Rediger → Lim inn utval og deretter velja formatet du vil bruka.
Viss eit tekstdokument inneheld overskrifter som er formaterte med avsnittsstilen Overskrift, vel du Fil → Send → Ein disposisjon til ein presentasjon. Nå vert det laga ein ny presentasjon som inneheld overskrifta som ein disposisjon.
Viss du vil overføra kvar overskrift saman med dei tilhøyrande avsnitta, vel du Fil → Send → Autosamandrag til presentasjon. Denne kommandoen er berre tilgjengeleg for overskrifter du har formatert med ein av dei tilhøyrande avsnittsstilane.
Viss du merkjer tekst og brukar dra og slepp for å setja han inn i eit rekneark, vert teksten sett inn i cella der du slepp museknappen.
Viss du drar tekst til normalvisinga i ein presentasjon, vert eit OLE-objekt sett inn som eit LibreOffice-programtillegg.
Viss du drar tekst til disposisjonsvisinga i ein presentasjon, vert han sett inn der musepeikaren er plassert.