LibreOffice 25.2 Hjelp
Bruk utklippstavla til å kopiera innhaldet i ei enkelt celle. Du kan også kopiera ein formel frå ei celle til utklippstavla (for eksempel frå inndatalinja i formellinja) slik at formelen kan setjast inn i tekst.
Viss du vil kopiera eit celleområde til eit tekstdokument, kan du merkja celleområdet i reknearket og deretter bruka anten utklippstavla eller dra og slepp til å setja innhaldet i cellene inn i tekstdokumentet. Området vert sett inn i tekstdokumentet som eit OLE-objekt du kan redigera.
Viss du drar celler til normalvisinga i eit presentasjonsdokument, vert cellene sett inn der som eit OLE-objekt. Viss du drar cellene og slepp dei i disposisjonsvisinga, vil kvar celle laga ei linje i visinga.
Når du kopierer eit celleområde frå LibreOffice Calc til utklippstavla, vert også teikneobjekt, OLE-objekt og diagram i det same området kopierte.
Viss du set inn eit celleområde med eit innebygd diagram, vil diagrammet behalda lenkja til kjeldecellene berre viss diagrammet og kjeldecelleområdet vert kopierte samtidig.