LibreOffice 24.8 Hjelp
I LibreOffice Writer, Impress og Draw kan berre éin brukar om gongen opna eit dokument for skriving. I Calc kan mange brukarar ha det same reknearket opna samtidig for skriving.
I LibreOffice Calc gjer dokumentdelinga at fleire brukarar har skrivetilgang samtidig. Kvar brukar som ønskjer å samarbeida, må skriva inn eit namn på fanesida → LibreOffice → Brukarinformasjon.
Nokre kommandoar er ikkje tilgjengelege (er gråa ut) når sporing av endringar eller deling av dokument er slått på. Du kan ikkje bruka eller setja inn element som er gråa ut i nye rekneark.
Brukar A lagar eit nytt rekneark. Desse vilkåra kan gjelda:
Brukaren ønskjer ikkje å dela reknearket for samarbeid.
Brukar A opnar, redigerer og lagrar dokumentet slik det er omtalt for Writer-, Impress- og Draw-dokument ovanfor.
Brukaren ønskjer å dela dokumentet for samarbeid.
Brukaren vel
for å slå på samarbeidsfunksjonane for dette dokumentet. Det vert opna eit dialogvindauge der brukaren kan velja å slå deling på eller av. Viss brukaren slår på deling, vert dokumentet lagra i delt tilstand, noko som også vert vist i tittellinja for dokumentet.Du kan bruka
til å skifta modus for det gjeldande dokumentet frå udelt tilstand til delt tilstand. Viss du vil bruka eit delt dokument i udelt tilstand, lagrar du det delte dokumentet med eit anna namn eller til ein annan sti for å få ein kopi av reknearket som ikkje er delt.Brukar A opnar eit rekneark. Desse vilkåra er moglege:
Reknearkdokumentet er ikkje i delt tilstand.
Brukaren kan opna, redigera og lagra dokumentet slik det er forklart for Writer-, Impress- og Draw-dokumenter ovanfor.
Reknearkdokumentet er i delt tilstand.
Brukaren får ei melding om at dokumentet er i delt tilstand og at nokre funksjonar ikkje er tilgjengelege i denne tilstanden. Brukaren kan velja å slå av visinga av denne meldinga i framtida. Når brukaren trykkjer OK, vert dokumentet opna i delt tilstand.
Viss fleire brukarar har endra det same innhaldet, vert dialogvindauget for å løysa konfliktar opna. Du må sjå på kvar konflikt og bestemma kva endringar som skal brukast.
Beheld endringane dine og ignorer andre endringar.
Beheld endringar andre brukarar har gjort og ser bort frå endringane dine.
Beheld endringane dine og ignorer andre endringar.
Beheld endringar andre brukarar har gjort og ser bort frå endringane dine.
Brukar A lagrar eit delt dokument. Desse vilkåra kan gjelda:
Dokumentet er ikkje endra og lagra av nokon annan brukar sidan brukar A opna dokumentet.
Dokumentet er lagra.
Dokumentet er endra og lagra av ein annan brukar sidan brukar A opna dokumentet.
Viss det ikkje er konflikt mellom endringane, vert dokumentet lagra.
Viss det er konflikt mellom endringane, vert dialogvindauget Løys konfliktar opna. For kvar konflikt må brukar A avgjera kva versjon som skal brukast ved å velja «Bruk mine» eller «Bruk andre». Når alle konfliktar er løyste, vert dokumentet lagra. Så lenge brukar A arbeider med å løyse konfliktane, kan ingen andre brukarar lagra det delte dokumentet.
Ein annan brukar prøver å lagra det delte dokumentet og er i ferd med å løysa konfliktar i det.
Brukar A ser ei melding om at ein annan brukar er i ferd med å gjera endringar i dokumentet. Brukar A kan velja å avbryta lagringa og prøva å lagra seinare.
Når ein brukar lagrar eit delt rekneark, vert dokumentet lasta inn på nytt etter lagringa slik at reknearket alltid er oppdatert på alle endringane gjort av alle brukarane. Når ein annan brukar endrar innhaldet, kjem det fram ei melding om at «andre endringar er lagt til».
For Writer, Impress, Draw og Calc gjeld det at når deling av dokument ikkje er slått på, kan ei fil låsast. Denne fillåsinga er tilgjengeleg også om du brukar andre operativsystem for å få tilgang til det same dokumentet:
Brukar A opnar eit dokument. Desse vilkåra kan gjelda:
Dokumentet er ikkje låst av ein annan brukar.
Dette dokumentet vert opna for å gje brukar A både lese- og skrivetilgang. Dokumentet vert låst for andre brukarar til brukar A lukkar dokumentet.
Dokumentet er merkt som «skriveverna» av filsystemet.
Dette dokumentet vert opna som skriveverna. Redigering er ikkje tillate. Brukar A kan lagra dokumentet ved å gje dokumentet eit anna namn eller lagra det til ein annan sti. Brukar A kan redigera denne kopien.
Dokumentet er låst av ein annan brukar.
Brukar A ser eit dialogvindauge som fortel at dokumentet er låst. Dialogvindauget har val for å opna dokumentet i skriveverna tilstand eller å opna ein kopi for redigering eller å avbryta opna-kommandoen.
Nokre vilkår må oppfyllast på operativsystemet ved styring av brukarrettar.
Dei delte filene må liggja på ein stad som er tilgjengeleg for alle samarbeidspartnarane.
Filrettane for både dokumentet og den tilsvarande låsefila må vera sett slik at alle samarbeidspartnarane kan laga, sletta og endra filene.
Skrivetilgangen fører til at andre brukarar, ved eit uhell eller med vilje, kan sletta eller endra ei fil.