Opna og lagra filer på eksterne filtenester

Brukarrettleiing for ekstern filteneste

LibreOffice kan opna og lagra filer som er lagra på eksterne tenarar. Når filer ligg på eksterne tenarar, kan ein arbeida på dokument på ulike datamaskiner. For eksempel kan du arbeida på eit dokument på kontoret om dagen og redigera det ferdig heime. Når filene vert lagra eksternt, har ein også reservekopiar av filene slik at dei er sikra om datamaskinen eller harddisken krasjar. Nokre tenarar kan også sjekka filene inn og ut slik at ikkje to personar arbeidar på dei same filene samtidig.

LibreOffice har støtte for mange dokumenttenarar som brukar kjende nettverksprotokollar som FTP, WebDAV, Windows share og SSH. Programmet har også støtte for Google Drive og kommersielle og opne kjeldetenarar som brukar OASIS CMIS-standarden.

For å arbeide med ei ekstern filteneste må du først setja opp eit eksternt filsamband.

Opna ei fil frå ei ekstern filteneste

  1. Gjer éin av desse:

Dialogvindauget for eksterne filer kjem fram.

  1. Merk fila og trykk på Opna eller trykk på Enter.

Dialogvindauget for eksterne filer kjem opp med mange delar. Den øvre listeboksen inneheld lista over dei eksterne filtenarane du har definert. Linja nedanfor inneheld stiane til dei aktuelle mappene. Til venstre finn du mappestrukturen for brukarplassen på tenaren. Hovudvindauget viser filene i den eksterne mappa.

Sjekka filer inn og ut

Tenestene sjekk inn og sjekk ut kontrollerer oppdateringane av dokumenta og hindrar uønskte overskrivingar på ein ekstern CMIS-tenar.

Når eit dokument vert sjekka ut, vert det låst slik at ingen andre brukarar kan gjere endringar i det. Berre éin brukar kan sjekke ut, låsa, eit bestemt dokument om gongen. Når dokumentet vert sjekka inn, eller at utsjekkinga vert kansellert, vert dokumentet låst opp igjen.

note

Det er ikkje nokre sjekk inn-, sjekk ut-kontrollar for eksterne filer i Windows Shares-, WebDAV-, FTP- og SSH-tenestene.


Når ei fil er opna frå ei ekstern CMIS-filteneste vil LibreOffice vise ein Sjekk-ut-knapp øvst i meldingsområdet. Trykk på Sjekk-ut-knappen for å låsa fila på tenaren for å hindra at andre gjer endringar i fila. Du kan også velja Fil → Sjekk-ut.

LibreOffice lagar ein arbeidskopi av fila på tenaren og set inn strengen (Working Copy) i filnamnet når ei fil er sjekka ut. Alle endringar og lagringar vert gjort på denne kopien. Du kan lagra fila så mange gonger du ønskjer. Når du er ferdig, sjekk fila inn igjen.

Vel Fil → Sjekk inn for å sjekke fila inn igjen. Det vert då opna eit dialogvindauge der du kan setje inn merknadar om dei siste endringane. Desse merknadane vert lagra på CMIS-tenaren for versjonskotroll. Den eksisterande fila vert byt ut med arbeidskopien og versjonsnummeret vert oppdatert.

Vel Fil → Avbryt sjekk inn for å avbryta innsjekkinga. Det kjem opp ei åtvaring om at dei siste endringane vert sletta. Dersom du stadfester valet, vert originaldokumentet ikkje oppdatert.

warning

Hugs å sjekke inn fila når du er ferdig. Gløymer du det, vil dokumentet halde fram med å vere låst og ingen andre kan gjere endringar i det.


Lagra ei fil på ei ekstern filteneste

  1. Gjer éin av desse:

Dialogvindauget Eksterne filer kjem fram. Vel den eksterne filtenaren.

  1. Vel det ønskte formatet i listeboksen Filter.

  2. Skriv inn eit namn i feltet Filnamn og trykk på Lagra.

  3. Viss du vil avslutta arbeidet med fila, sjekk ho inn ved å gå til Fil → Sjekk inn.

Eigenskapar for filer lagra på CMIS-tenarar

Filer som er lagra på ein CMIS-tenar har eigenskapar og metadata som ikkje finst i ei lokalt lagra fil. Desse metadataa er viktige for kontroll og feilfinning av CMIS-tilkoplinga og innstillingane for tenaren. Alle parameterane er skriveverna.

Vel Fil → Eigenskapar på fana CMIS.

Støtt oss!