LibreOffice 25.2 Hjelp
Dokumentklassifisering og tryggleik er viktige emne for næringslivet og offentleg sektor.
Informasjon vert utveksla mellom brukarane og organisasjonar som samarbeider for å nå eit felles forretningsmål. Der sensitiv informasjon er involvert, reknar ein med at partane har avtalt kva informasjon som er sensitiv og korleis slik informasjon skal identifiserast og handsamast. Alle som mottek slik informasjon er avhengige av at leverandøren av informasjon føljer dei avtalte prosedyrane for å identifisere kor kjenslevar informasjonen er.
LibreOffice har standardiserte måtar for å handsama sensitiv informasjon, som kan brukast mellom partane om interoperable system skal brukast. Desse gjev eit sett med standard «felt» som kan nyttast til å halda sensitiv informasjon. Desse definerer ikkje kva innhaldet i desse «felta» skal vera. Denne tilnærmingsmåten gir ei forbetring for det einaste nåverande alternativet, som er å bruka ein tilfeldig måte å uttrykke sensitiv informasjon som kanskje er unyttig for mottakaren.
Medan denne standarden er utvikla for å vera aktuell i alle typar verksemder, har LibreOffice halde på luftfarts- og forsvarsindustriens nomenklatur og kategoriar, der tryggingsmerking er eit resultat av nasjonal trygging, eksportkontroll og immaterielle rettar.
LibreOffice implementerte ein leverandøruavhengig open standard utvikla av TSCP (Transglobal Secure Collaboration Participation, Inc.). To av desse er spesielt interessante:
«Business Authentication Framework» (BAF) spesifiserer korleis gjeldande policy skal uttrykkast (som sannsynlegvis er ein juridisk tekst) i eit maskinlesbart format.
«Business Authorization Identification and Labeling Scheme» (BAILS) spesifiserer korleis ein referer til ein slik BAF-policy i eit dokument. Konsepta i BAILS er så generiske at dei kan brukast for alle format som støttar brukardefinerte eigenskapar på dokument-nivå.
Standard BAF-kategoriar for LibreOffice er lista nedanfor.
Berre kategorien «immaterielle rettar» vil endra utforminga av dokumentet med eit vassmerke, felt i topp og botn og ei informasjonsrad på toppen av dokumentområdet. Kvart objekt som vert lagt inn i dokumentet vert kontrollert av oppsettsfila for klassifisering.
Immaterielle rettar er ein generell term for innhaldet i dokumentet, Vel denne kategorien for generell dokument-klassifisering.
Vel kategorien for nasjonal tryggingspolicy-type for dokumentet. Den valde kategorien vert lagra saman med dokumentet som BAILS-metadata i fileigenskapane, men utan at dokumentutforminga og brukargrensesnittet vert endra.
Vel kategorien for policy-type for eksportkontroll. Den valde kategorien vert lagra saman med dokumentet som BAILS-metadata i fileigenskapane, men utan at dokumentutforminga og brukargrensesnittet vert endra.
Sjå datasikringsregelverket for firmaet og spør informasjonstryggingsmedarbeidaren om støtte for klassifisering av dokumnetet.
LibreOffice har standard klassifiseringsnivå for dokument (BAILS som vist nedanfor, sortert i stigande forretningssensitivitet:
Ikkje-forretning: Informasjonen i dokumentet har ingen verknad for verksemda om han vert offentleggjort.
Standard verksemd: Mindre påverknad. Informasjonen i dokumentet kan påverka verksemda og kan gjera mindre skade på varemerke og omdømme.
Konfidensielt: Moderat påverknad. Informasjonen i dokumentet kan skada omdømmet til verksemda, kan generere negativ mediaomtale og tap av omsetting.
Berre for internt bruk: Stor skade. Negative nasjonale media, rettssaker, bøter og langsiktige negativ påverknad for varemerka.
Med LibreOffice kan du tilpassa klassifiseringsnivåa for verksemda di. For å tilpassa nummer og namn på nivåa, kopier fila example.xml som ligg i inn i ei lokal mappe og redigera innhaldet.
Bruk fila i LibreOffice-lokale i namnet som eit eksempel.
Lagra fila og gjer dei aktuelle endringane i klassifiseringstien ovanfor for å få tilgang til fila.
Systemadministrator kan leggja fila i ei nettverksmappe og setja opp alle brukarane til å bruka klassifiseringsfila.
For å hindra brot på tryggingsretningslinjene, kan du ikkje lima innhald med høg tryggingsklassifisering inn i dokument med lågare klassifisering. LibreOffice viser ei åtvaring når innhald i utklippstavla har ei høgare klassifisering enn måldokumentet.