Setja inn diagram

Du kan setja inn diagram på fleire måtar:

Merknadsikon

I Calc er eit diagram eit objekt på eit ark og kan kopierast og setjast inn på eit anna ark i det same dokumentet. Dataserien vert framleis lenkja til området på det andre arket. Viss det vert kopiert til eit anna Calc-dokument, vil det få sin eigen datatabell, og er ikkje lenkja til det opphavlege området.


Diagram i eit rekneark i Calc

  1. Klikk inne i eit celleområde som du vil visa i diagrammet.

  2. Trykk på symbolet Diagram i standardverktøylinja.

    Du vil sjå ei førehandsvising av diagrammet og diagramvegvisaren.

  3. Følj instruksjonane i diagramvegvisaren for å laga diagrammet.

Diagram i eit tekstdokument i Writer

I eit Writer-dokument kan du setja inn eit diagram som er basert på verdiane i ein tabell i Writer.

  1. Klikk inne i tabellen i Writer.

  2. Vel Set inn → Diagram.

    Du vil få opp ei førehandsvising av diagrammet, og diagramvegvisaren.

  3. Følj instruksjonane i diagramvegvisaren for å laga diagrammet.

Diagram basert på eigne verdiar

Støtt oss!