LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan leggja til tekstur på søylene i ein graf eller eit diagram (i staden for standardfargar) med punktbilete:
Dobbeltklikk på diagrammet for å gå til redigeringstilstand.
Klikk på ei av søylene i den serien som skal redigerast. Alle søylene i denne serien vert merkte.
Viss du vil redigera berre éin av søylene, dobbeltklikk på søyla igjen.
Vel Objekteigenskapar i sprettoppmenyen og gå til fana Område.
Trykk på Bilete. Vel i listeboksen det biletet du vil bruka som tekstur på dei valde søylene. Klikk OK for å godta innstillinga.