LibreOffice 25.2 Hjelp
Slik redigerer du aksane i eit diagram du har sett inn:
Dobbeltklikk på diagrammet.
Det kjem opp ein grå kant rundt diagrammet og menylinja vil nå innehalda val du kan bruka for å redigera objekta i diagrammet.
Vel Format → Akse og vel aksen eller aksane du vil redigera. Det vert opna eit dialogvindauge.
Bruk fanene i dialogvindauget til å gjera dei ønskte endringane. (Du kan for eksempel bruka fana Skalering til å endra skaleringa for aksen).
Trykk OK. Trykk i dokumentet utføre diagrammet for å avslutta diagramredigeringstilstanden.