LibreOffice 24.8 Hjelp
Instruksjonane for å installera built-in-hjelp er avhengig av kva metode som er brukt for å installera LibreOffice. For føremålet med denne rettleiinga, vurder de to følgjande tilnærmingane:
Installering med den offisielle binærfila henta frå sida LibreOffice download.
Installasjon ved hjelp av tredjeparts lagringsstader. Dette er hovudsakleg tilfellet for Linux-operativsystem som vedlikeheld sine eigne pakkar.
Denne rettleiinga gjev instruksjonar for å installera den innebygde hjelpa for pakkar levert av Ubuntu og Fedora. Viss installasjonsmetoden din ikkje er dekt her, bør du kontakta vedlikehaldarane av pakkane som er installerte på systemet ditt.
Instruksjonane i denne bolken passar når LibreOffice er installert ved å bruka dei offisielle filene. Følj stega nedanfor for å få installasjonsfila for den innebygde fråkopla hjelpa:
Besøk sida LibreOffice download.
Forsikra deg om at det aktuelle operativsystemet er vald i
.Trykkk på lenkja
og lagra fila.Før du trykkje på lenkja
, sjå etterat det aktuelle språket er vald. Trykk viss du ønskjer eit anna språk.Opna staden der .msi-fila er lagra og køyr installeringsprogrammet (dobbeltklikk på det). Følj instruksjonane.
Opna staden der .dmg-fila er lagra og køyr installeringsprogrammet. Følj instruksjonane. Når installasjonsvindauget kjem fram, dra og slepp LibreOffice-ikonet inn i -ikonet.
Installaren .deb er meint for Ubuntu-baserte Linux-distribusjonar og er tilgjengeleg som ei .tar.gz komprimert fil.
Last ned .tar.gz-fil og ekstraher ho. Du vil då finna .deb-fila i mappa DEBS.
Opna cd-kommanden for å navigera til mappa som .deb-fila er og køyr denne kommandoen:
-programmet og bruk$ sudo dpkg -i libobasis7.6-en-us-help_7.6.4.1-1_amd64.deb
Namnet på den nedlasta fila inneheld versjonsnummeret, og kan difor vera annleis enn slik det er vist i eksempelet over.
Installaren .rpm er meint for Red Hat-baserte Linux-distribusjonar og er tilgjengeleg som ei .tar.gz komprimert fil.
Last ned .tar.gz-fil og ekstraher ho. Du vil då finna .rpm-fila i mappa RPMS.
Opna cd-kommanden for å navigera til mappa som .rpm-fila er og køyr denne kommandoen:
-programmet og bruk$ sudo rpm -i libobasis7.6-en-US-help-7.6.4.1-1.x86_64.rpm
Når alt er installert, starta LibreOffice på nytt for å ta i bruk den innebygde hjelpa.
Linux-distribusjonane har til vanleg sine eigne LibreOffice-pakkar. Korleis du installerer den innebygde hjelpa er difor avhengig av distribusjonen som er brukt.
Instruksjonane nedanfor gjeld for hjelp-pakkene som vert leverte av Ubuntu og Fedora.
Opnae
-programmet og køyr kommandoen nedanfor (eksempelet installerer innebygd hjelp for en_US):$ sudo apt install libreoffice-help-en-us
Opnae
-programmet og køyr kommandoen nedanfor (eksempelet installerer innebygd hjelp for en_US):$ sudo dnf install libreoffice-langpack-en
LibreOffice sine snap-pakker vert leverte med den innebygde hjelpa installert på mange språk.