LibreOffice 25.2 Hjelp
Merk dei cellene i tabellen du vil endra.
Trykk på Kantlinjer i verktøylinja Tabell (i Writer) eller verktøylinja Linje og fyll for å opna vindauget Kantlinjer.
Trykk på ein av dei førehandsdefinerte kantlinjestilane.
Dette legg til den valde stilen til den gjeldande kantlinjestilen for cellene. Vel den tomme kantlinjestilen øvst til venstre i vindauget Kantlinjer viss du vil fjerna alle kantlinjestilane.
Merk dei cellene i tabellen du vil endra.
Vel Tabell → Tabelleigenskapar → Kantlinjer (Writer) eller Format → Celler → Kantlinjer (Calc).
Vel kanten (kantane) du vil bruka i eit vanleg oppsett i området Brukardefinert. Klikk på ein av kantane i førehandvisinga for å slå av eller på valet av kanten.
Har du merkt fleire rader eller kolonnar, kan du endra midtlinja mellom radene eller kolonnane. Vel midtlinjene i området Brukardefinert.
Vel ein linjestil og ein farge for den valde kantlinjestilen i Linje. Desse innstillingane vert brukte på alle kantlinjene som høyrer til den valde kantstilen.
Gjenta dei to siste punkta for kvar kantlinje.
Vel avstanden mellom kantlinjene og innhaldet i sida i området Avstand til innhaldet.
Trykk på OK for å bruka endringane.