LibreOffice 25.2 Hjelp
Sett skrivemerket i avsnittet som du vil definera ei kantlinje for.
Vel Format → Avsnitt → Kantlinjer.
Vel ein av standardstilane for kantlinjer i området Standard.
Vel linjestil, breidd og farge for den valde kantlinjestilen i Linje. Desse innstillingane vert brukte på alle kantlinjene som er med i den valde kantlinjestilen.
Vel avstanden mellom kantlinjene og innhaldet i avsnittet i Avstand til innhaldet. Du kan berre endra avstanden til kantar som har ei kantlinje.
Trykk på OK for å bruka endringane.
Vel Format → Avsnitt → Kantlinjer.
Vel kanten eller kantane du vil bruka i eit vanleg oppsett i området Brukardefinert. Klikk på ein av kantane i førehandvisinga for å slå av eller på valet av linja.
Vel ein linjestil, breidde og ein farge for den valde kantlinjestilen i Linje. Desse innstillingane vert brukte på alle kantlinjene som høyrer til den valde kantstilen.
Gjenta dei to siste punkta for kvar kantlinje.
Vel avstanden mellom kantlinjene og innhaldet i avsnittet i Avstand til innhaldet. Du kan berre endra avstanden til kantar som har ei kantlinje.
Trykk på OK for å bruka endringane.