LibreOffice 24.8 Hjelp
Bruk automatisk sladding for å definera ord og mønster som automatisk vert merkte for sladding.
Automatisk sladding gjer det enklare å sladda LibreOffice-dokument som har fleire delar av teksten som må gøymast på grunn av sensitivitet eller personvernproblem.
Denne funksjonen er nyttig i dokument som har feire førekomstar av namn og annan personleg informasjon som for eksempel kredittkort, telefonnummer osv. Å sladda desse manuelt kan vera mykje arbeid, men med automatisk sladding kan dette gjerast på ein mykje meir effektiv måtte.
Mål er reglar og mønster som vert brukt av autosladding for å finna delar av dokumentet som skal merkjast automatisk for sladding.
For å laga eit nytt mål, trykk på knappen
.Dialogvindauget Sladdingsmål kjem opp. Der kan du setja eit namn på det nye målet og velja Type og innhald . Du kan velja mellom tre måltypar i nedtrekkslista Type:
Tekst: Automatisk sladding vil sjå etter alle førekomstar av den gjevne teksten og merkja dei for sladding.
Regulært uttrykk: Definer eit regulært uttrykk som skal brukast for å søkja i dokumentet. Alle treff vert merkte for sladding.
Førehandsdefinert: Vel førehandsdefinerte regulære uttrykk for å sladda innhald automatisk, for eksempel kredittkortnumer, e-postadresser og så vidare.
Legg til alle måla du vil bruka i dokumentet og trykk OK. Dette opnar dokumentet som ei teikning i LibreOffice Draw med alle mål automatisk sladda med verktøyet Rektangelsladding.
Hald fram med å gøyma andre delar av det genererte dokumentet og skriv det så ut eller eksporter det til PDF.
Sjå hjelpesida Liste over regulære uttrykk for å læra meir om korleis du brukar regulære uttrykk i LibreOffice.
Trykk på knappen Lagra mål for å lagra alle dei definerte måla i dokumentet som ei JSON-fil (JavaScript Object Notation).
Trykk på knappen Last inn mål for å importera og bruka måla som er definerte i ei JSON-fil i eit anna LibreOffice-dokument.
Måla for automatisk sladding av dokumentet vert lagra ved sida av dokumentet. Difor er dei tilgjengelege i dokumentet etter at du har lagra og lukka det.