LibreOffice 25.2 Hjelp
LibreOffice har støtte for ein del hjelpeverktøy som skjermforstørring, skjermlesarar og skjermtastatur.
I LibreOffice kan du bruka alternative inndataeiningar for å få tilgang til alle funksjonane i LibreOffice.
Skjermforstørringa gjer at brukarar med nedsett syn kan arbeida i LibreOffice med sporing av innsetjingspunkt og fokus.
Med skjermtastaturet kan brukarane skriva inn det meste av data og kommandoar ved å bruke musa.
Med skjermlesarane kan menneske med synshemningar bruka LibreOffice ved hjelp av talesyntese og leselist.