LibreOffice 24.8 Hjelp
I Windows kan du visa alle LibreOffice-dokumenta i eit i Microsoft Internet Explorer-vindauge. Bruk installasjonsprogrammet for LibreOffice for å installera ActiveX-kontrollen.
Lukk LibreOffice og snøggstartaren.
Klikk på startknappen i Windows og vel Innstillingar.
Trykk på Apper i innstillingane.
Trykk på LibreOffice og deretter Endra i lista Appar og funksjonar.
Vel Endra i installasjonsvegvisaren.
Opna oppføringa Valfrie komponentar og finn oppføringa ActiveX-kontroll. Trykk på ikonet for å opna undermenyen og vel å installera funksjonen.
Trykk Neste og Installer.
I Internet Explorer kan du gå til ei nettside som inneheld ei lenkje til eit LibreOffice-dokument, for eksempel eit Writer-dokument.
Trykk på lenkja for å visa dokumentet i Internet Explorer-vindauget.
Du kan framleis høgreklikka på lenkja for å lagra fila på harddisken.
LibreOffice-dokumentet som vert vist i Internet Explorer viser eit sett med skriveverna verktøylinjeknappar.
Trykk på Rediger fil i verktøylinja til dokument for å opna ein kopi av dokumentet i eit nytt LibreOffice-vindauge.
Rediger kopien av dokumentet.