LibreOffice 25.2 Hjelp
I LibreOffice finst det mange eksempeldokument og malar som kan brukast direkte. Du får tilgang til desse ved å velja Filer → Ny → Malar eller ved å trykkja Skift+ + N.
Når du opnar ein av malane vert det laga eit nytt dokument basert på denne malen.
Trykk Få fleire malar på nett-lenkja i dialogvindauget for å velja og lasta ned fleire malar.
Du kan også bruka dei ulike vegvisarane (i hovudmenyen under Fil → Vegvisar) for å laga dine eigne malar som kan brukast som grunnlag for malar brukte i andre dokument.