Tabellvegvisar → Set typar og format

Angjev feltinformasjonen for dei valde felta.

Valde felt

Merk eit felt for å redigera feltinformasjonen.

^

Trykk for å flytta det valde feltet opp ein plass i lista.

v

Trykk for å flytta det valde feltet ned ein plass i lista.

Fjern det merkte feltet frå listeboksen.

+

Legg til eit nytt datafelt i listeboksen.

Feltinformasjon

Filnamn

Viser namnet på det merkte datafeltet. Du kan, om ønskjeleg, skriva inn eit nytt namn på feltet.

Felttype

Vel ein felttype.

Autoverdi

Viss sett til «Ja», vert verdiane for dette datafeltet genererte av databasemotoren.

Krev innskriving

Viss sett til «Ja» må dette feltet ikkje vera tomt.

Lengd

Angjev talet på teikn i datafeltet.

Desimalplassar

Angjev talet på desimalar i datafeltet. Dette valet er berre tilgjengeleg for numeriske felt eller desimalfelt.

Standardverdi

Angjev standardverdien for eit «Ja/Nei»-felt.

Automatisk auke

Skriv inn SQL-kommandoen som fortel datakjelda at ho automatisk skal auka eit gjeve heiltals datafelt. For eksempel vil denne MySQL-setninga bruka «AUTO_INCREMENT»-uttrykket for å auka «id»-feltet kvar gong setninga lagar eit datafelt:

CREATE TABLE "table1" ("id" INTEGER AUTO_INCREMENT)

For dette eksempelet må du skriva inn AUTO_INCREMENT i setningsboksen for autoauke.

Tabellvegvisar → Angje primærnøkkel

Støtt oss!