Tabellvegvisar

Tabellvegvisaren hjelper deg med å laga ein databasetabell.

Tabellvegvisar → Vel felt

Vel felt frå dei innebygde eksempeltabellane som utgangspunkt for å laga din eigen tabell.

Tabellvegvisar → Set typar og format

Angjev feltinformasjonen for dei valde felta.

Tabellvegvisar → Angje primærnøkkel

Angjev eit felt i tabellen som skal brukast som ein primærnøkkel.

Tabellvegvisar → Lag tabell

Skriv inn eit tabellnamn og angje om du vil forandra tabellen når vegvisaren er ferdig.

Tilbake

Vis vala du gjorde i dialogboksen i det førre steget. Innstillingane på dette steget vert ikkje endra. Denne knappen kan berre brukast frå og med side to.

Neste

Trykk Neste. Då vil vegvisaren bruka gjeldande innstillingar og går vidare til neste steg. På det siste steget vert denne knappen endra til Lag.

Fullfør

Tar i bruk alle endringane og lukker vegvisaren.

Avbryt

Lukkar du eit dialogvindauge med Avbryt, vert ingen av endringane du har gjort i han lagra.

Tabellvegvisar → Vel felt

Støtt oss!