Sortering og gruppering

I dialogvindauget for sortering og gruppering i Rapportbyggjaren, kan du angje felta som skal sorterast i rapporten din og kva felt som skal haldast saman for å forme ei gruppe. Viss du grupperer rapporten etter eit bestemt felt, vert alle postane med den same verdien i det feltet halde saman i éi gruppe.

Boksen «Gruppe» viser felta i rekkjefølgje ovanfrå og ned. Du kan merkja kva felt som helst og trykkja på knappane «Flytt opp» eller «Flytt ned» for å flytta det merkte feltet opp eller ned i lista.

Sortering og gruppering vert lagt til i rekkjefølgja frå øvst til nedst.

Som standard vert det laga ei ny gruppe på kvar verdi som er forandra i eit merkt felt i ein post. Du kan endra denne eigenskapen avhengig av felttypen:

  1. For tekstfelt kan du velja prefiksteikn og skriva inn talet på teikn i tekstboksen under. Postane som er identiske med talet på teikn vert grupperte saman.

  2. For tid og datofelt kan du gruppera postane etter same år, kvartal, månad, veke, dag, time, eller minutt. Du kan i tillegg angje eit intervall for veker og timar: 2 vekers grupper med data i annakvar veke, 12 timars gruppedata i halvdagsgrupper.

  3. For felt av typen autonummer, valuta, eller nummer, kan du angje eit intervall.

Når du vil halda saman nokre postar på den same sida, har du tre val:

  1. Nei - det vert ikkje teke omsyn til sidekantane.

  2. Heile gruppa - skriv gruppetoppteksten, detaljdelen og gruppebotnteksten på den same sida.

  3. Med første detalj - skriv gruppetoppteksten på ei side berre viss den første detaljposten også kan skrivast på den same sida.

Støtt oss!