Rapportstruktur

Du kan opna vindauget «Rapportstruktur» i Rapportbyggjaren ved Ă„ velja Vis → Rapportstruktur.

«Rapportstruktur» viser strukturen i rapporten. Du kan bruka «Rapportstruktur» for Ä setja inn funksjonar i rapporten.

Klikk ei oppfÞring «Rapportstruktur». Det tilhÞyrande objektet eller omrÄdet vert vald i rapportstruktur-visinga. HÞgreklikk pÄ ei oppfÞring for Ä opna sprettoppmenyen.

Slik skriv du inn funksjonar i rapporten

I sprettoppmenyen «Rapportstruktur» ser du dei same kommandoane som i rapportbyggjar-visinga og nokre andre kommandoar for Ä laga nye eller sletta funksjonar.

Funksjonar kan skrivast inn ved Ă„ bruka syntaksen som er spesifisert av OpenFormula-forslaget.

SjÄ (Engelsk) wikiside om Base for fÄ meir hjelp om funksjonane i ein rapport.

Slik reknar du ut ein sum for kvar klient

  1. Opna «Rapportstruktur».

  2. Opna oppfÞringa «Grupper» og gruppa der du vil rekna ut kostnaden.

    Gruppa har ei underoppfĂžring kalla funksjonar.

  3. Opna sprettoppmenyen (hÞgreklikk) pÄ funksjonsoppfÞringa, vel der Ä laga ein ny funksjon og merk han.

    Du ser funksjonen i utforskaren for eigenskapar.

  4. Endra namnet til for eksempel CostCalc og formelen til [CostCalc] + [skriv inn kostnadskolonnenamnet her].

  5. I startverdien, skriv 0.

  6. Du kan nÄ setja inn eit tekstfelt og fÞye det til [CostCalc] (vert vist i datafeltlisteboksen).

Du mÄ kanskje setja startverdien til verdien av feltet som [field].

Viss det er tomme felt i kostnadskolonnen, bruk denne formelen for Ă„ setja inn null i dei tomme felta:

[SumCost] + IF(ISBLANK([field]);0;[field])

StĂžtt oss!