Rapportbyggjaren

Rapportbyggjaren er eit verktÞy for Ä laga dine eigne databaserapportar. I motsetnad til Rapportvegvisaren, kan du ved hjelp av rapportbyggjaren laga rapporten slik du vil ha han. Den genererte rapporten er eit Writer-dokument som ogsÄ kan redigerast.

Merknadsikon

For Ä kunna bruka rapportbyggjaren mÄ denne utvidinga vera installert. I tillegg mÄ ogsÄ JRE (Java Runtime Environment) vera installert og merkt i LibreOffice.


Slik installerer du JRE-programvaren

Rapportbyggjaren krev at Java Runtime Environment (JRE) er installert.

  1. Vel → LibreOffice→ Avansert.

  2. Vent opp til eitt minutt medan LibreOffice samlar informasjon om den installerte Java-programvaren pÄ systemet ditt.

    Viss ein nyare JRE-versjon er funnen i datamaskinen, vil du sjÄ ei oppfÞring i lista.

  3. Klikk knappen for innstillingar framfÞre oppfÞringa for Ä slÄ pÄ denne JRE-versjonen for bruk i LibreOffice.

  4. Pass pÄ at Bruk eit Java-kÞyremiljÞ er slÄtt pÄ.

Viss det ikkje finst ein JRE-versjon pĂ„ datamaskinen, opna nettlesaren og last ned JRE-programvaren frĂ„ http://www.java.com. Installer JRE-programmet. Start LibreOffice pĂ„ nytt og opna → LibreOffice → Avansert igjen.

Slik opnar du rapportbyggjaren

  1. Opna ei Base-fil eller lag ein ny database. Databasen mÄ innehalda minst éin tabell med minst eitt datafelt og eit primÊrnÞkkelfelt.

  2. Klikk pÄ ikonet «Rapporter» i vindauget til Base og vel «Lag rapport» i uformingsvisinga.

    Vindauget med rapportbyggjaren vert opna.

Rapportbyggjaren er delt inn i tre delar. Øvst finn du menyen med verktÞylinjene nedanfor.

Til hĂžgre er vindauget med eigenskapar for det merkte objektet.

Den venstre delen av rapportbyggjaren er visingsdelen. Denne er i fÞrstninga delt i tre delar, ovanfrÄ og nedover:

  1. Sideoverskrift - dra kontrollelementfelt med fast tekst til omrÄdet for sideoverskrift.

  2. Detalj - dra og slepp databasefelta inn i detaljomrÄdet.

  3. Botntekst - dra og slepp kontrollelementfelt med fast tekst inn i omrÄdet for botnteksten.

For Ă„ setja inn ei rapportoverskrift til og eit rapportavslutning-omrĂ„de, vel Rediger → Set inn rapportoverskrift/avslutning. Desse omrĂ„da inneheld teksten som vert vist i byrjinga og slutten av heile rapporten.

Klikk ikonet «-» framfÞre eit omrÄdenamn for Ä komprimera det til ei linje i visinga for rapportbyggjaren. Ikonet «-» vert endra til «+», og du kan klikka dette teiknet for Ä utvida omrÄdet igjen.

Du kan setja inn databasefelt med dra og slepp i detalj-omrÄdet. SjÄ bolken «Setja inn felt i rapporten» under.

I tillegg kan du klikka etikettfeltet eller tekstboksikonet i verktÞylinja og sÄ dra eit rektangel i omrÄdet for topp- eller botnteksten for Ä lage ein tekst som er den same pÄ alle sidene. Skriv inn teksten i «Etikettboksen» til det tilhÞyrande eigenskapsvindauget. Du kan ogsÄ leggja til grafikk ved Ä bruka ikonet «Grafikk».

Slik koplar du rapporten til ein databasetabell

  1. Flytt musa til eigenskapsvisinga. Du ser to faner: «Generelt» og «Data».

  2. Klikk «Innhald» pÄ fana «Data» for Ä opna kombinasjonsboksen.

  3. Vel tabellen som skal brukast for Ă„ laga rapporten.

  4. NĂ„r du har markert tabellen, trykk tabulatortasten for Ă„ lukka innhaldsvindauget.

Leggja til felt i rapport Vindauget vert opna automatisk og viser alle felta i den valde tabellen.

Leggja til felt i rapport

Vindauget for Ă„ leggja til felt kan hjelpa deg med Ă„ setja inn tabelloppfĂžringar i rapporten.

NĂ„r du har sett inn felt i detalj-visinga, er rapporten klar for kĂžyring.

Slik kĂžyrer du ein rapport

  1. Klikk pÄ ikonet «KÞyr rapport» Icon pÄ verktÞylinja.

Det vert opna eit Writer-dokument som viser rapporten du har laga med alle verdiane i databasetabellane du har sett inn.

Viss innhaldet i databasen er endra, kĂžyr rapporten igjen for Ă„ oppdatera han.

Slik redigerer du ein rapport

FÞrst mÄ du bestemma om du vil redigera den genererte rapporten, som er eit fast Writer-dokument, eller om du vil redigera visinga til rapportbyggjaren og laga ein ny rapport basert pÄ den nye utforminga.

Writer-dokumentet er opna skriveverna. For Ă„ redigera dokumentet, trykk pĂ„ Rediger dokument pĂ„ informasjonslinja eller bruk Rediger → Redigeringsmodus.

Viss du vil redigera visinga av rapportbyggjaren, kan du endra nokre av eigenskapane for denne.

Klikk i detalj-omrÄdet. Klikk sÄ vindauget «Eigenskapar» og endra nokre av eigenskapane, for eksempel bakgrunnsfargen.

NÄr du er ferdig, klikk pÄ symbolet «KÞyr rapport» Ikon for Ä laga ein ny rapport.

Viss du lukkar rapportbyggjaren, vert du spurd om rapporten skal lagrast. Klikk pÄ «Ja», skriv inn eit namn pÄ rapporten og klikk «OK».

Sortera rapporten

Utan sortering eller gruppering vert postane sette inn i rapporten i den rekkjefÞlgja dei vart henta ut frÄ databasen.

  1. Opna rapportbyggjarvisinga og klikk pÄ symbolet «Sortering og gruppering» Ikon pÄ verktÞylinja for Ä fÄ opp dialogvindauget Sortering og gruppering.

  2. I gruppeboksen klikkar du pÄ feltet som du vil ha som det fÞrste sorteringsfeltet og set eigenskapane for sortering.

  3. KĂžyr rapporten

Gruppering

  1. Opna rapportbyggjarvisinga og klikk pÄ symbolet «Sortering og gruppering» Ikon pÄ verktÞylinja for Ä fÄ opp dialogvindauget Sortering og gruppering.

  2. Opna listeboksen med gruppeoverskrifter i gruppeboksen og vel Ă„ vise ei gruppeoverskrift.

  3. Klikk pÄ ikonet «Legg til felt» Icon for Ä opna vindauget «Legg til felt».

  4. Dra og slepp feltoppfÞringa som du Þnskjer Ä gruppera i gruppeoverskriftseksjonen. Dra og slepp deretter dei resterande felta i detalj-omrÄdet.

  5. KĂžyr rapporten. Rapporten viser dei grupperte postane.

Viss du vil sortera og gruppera opnar du visinga for rapportbyggjaren og opnar der dialogvindauget «Sortering og gruppering». Vel Ä visa «Gruppeoverskrift for felta» som du vil gruppera og vel Ä gÞyma gruppeoverskrifta for feltet som du vil sortera. Lukk vindauget «Sortering og gruppering» og kÞyr rapporten.

Oppdater og skriv ut dataa dine

NĂ„r du set inn nye data eller redigerer data i tabellen, vil ein ny rapport visa dei oppdaterte dataa.

Klikk pÄ ikonet «Rapportar»Icon og dobbeltklikk pÄ den sist lagra rapporten. Det vert dÄ laga eit nytt Writer-dokument som viser dei nye dataa.

For Ă„ skriva ut ein rapport, vel Fil → Skriv ut frĂ„ Writer-dokumentet.

StĂžtt oss!