Leggja til felt i rapport

Vindauget for å leggja til felt kan hjelpa deg med å setja inn tabelloppføringar i rapporten.

For å bruka denne funksjonen …

Vindauget for å leggja til felt vert vist automatisk når du har merkt ein tabell i innhaldsfeltet og går ut av dette feltet.

Vel Vis → Legg til felt.

Ikon for å leggja til felt

Trykk på symbolet for å leggja til felt på verktøylinja.


  1. Merk feltet i dialogvindauget for å leggja til felt og klikk Set inn . Du kan merkja fleire felt ved å halda nede -tasten medan du trykkjer på feltnamnet eller ved å halde nede Shift-tasten medan du trykkjer på museknappen. Klikk Set inn på verktøylinja for å leggja felta inn i rapporten.

  2. Dra og slepp feltnamna eitt etter eitt frå vindauget «Legg til felt» i området «Detalj» i rapporten. Plasser felta slik du ønskjer. Bruk ikona i verktøylinja for å justera felta.

    Det er ikkje mogleg å overlappa felta. Viss du slepp eit tabellfelt på detalj-området, vert det sett inn ein etikett og ein tekstboks.

  3. Du kan også setja inn tekst som skal vera den same på alle sidene i rapporten. Klikk på ikonet «Etikettfelt»Ikon og dra eit rektangel i området for topptekst eller botntekst. Rediger eigenskapane for etiketten slik at han viser den ønskte teksten.

Sorterer feltnamna

Sorter stigande

Sorter namna i stigande rekkjefølgje.

Sorter fallande

Sorter namna i fallande rekkjefølgje.

Angra sorteringa

Gjenopprett opphavleg sortering

Støtt oss!