Dato og klokkeslett

Du kan opna dialogvindauget for dato og klokkeslett for rapportbyggjaren ved å velja Set inn → Dato og klokkeslett.

Tipsikon

Trykk Shift + F1 og peik med musa på ein skriveboks for å sjå hjelpeteksten for han.


Slå på «Inkluder dato» for å setja inn eit datofelt i det aktive området i rapporten. Datofeltet vert vist når den gjeldande rapporten vert køyrd.

Slå på «Inkluder tid» for å setja inn eit tidsfelt i det aktive området i rapporten. Tidsfeltet vil visa gjeldande tid for når rapporten vert køyrd.

Klikk OK for å setja inn feltet.

Du kan klikka i dato- eller tidsfeltet og dra det til ein annan stad i det same området, eller redigera eigenskapane i vindauget «Eigenskapar».

Støtt oss!