Spørjingsvegvisar → Gruppering

Visar om spørjinga kan grupperast. Datakjelda må ha støtte for SQL-syntaksen «Group by clauses» for å ta i bruk denne sida i vegvisaren.

Tilgjengelege felt

Viser ei liste over namna til databasefelta i den valde tabellen eller spørjinga. Trykk for å velja eit felt eller hald nede «Shift» eller «»-tasten medan du trykkjer for å velja meir enn eitt felt.

>

Trykk for å flytta dei valde felta til boksen pila peikar på.

<

Trykk for å flytta dei valde felta til boksen pila peikar på.

^

Trykk for å flytta det valde feltet opp ein plass i lista.

v

Trykk for å flytta det valde feltet ned ein plass i lista.

Grupper etter

Viser alle felta som skal brukast til å gruppera spørjinga.

Spørjingsvegvisar → Grupperingsvilkår

Støtt oss!