LibreOffice 7.1 Hjelp
Vegvisaren for overføring av makroar i databasedokument flytter makroar frå eit deldokument i ei eldre Base-fil til lagringsområdet for makroar i den nye Base-fila.
Tidlegare var det berre lov å ha makroar i tekstunderdokument i skjema og rapportar. Nå kan makroar lagrast i Base-fila. Dette betyr at makroar i Base-filer kan kallast opp frå alle underkomponentane, altså både skjema, rapportar, tabellutformingar, spørjingsutformingar, relasjonsutformingar og tabelldatavisingar.
Det er likevel ikkje teknisk mogleg å lagra makroar både i ei Base-fil og deldokumenta. Viss du vil leggja til nye makroar i Base-fila og behalda dei eksisterande makroane som vart lagra i deldokumenta, må du flytta dei gamle makroane til lagringsområdet for makroar i Base.
Vegvisaren for overføring av makroar i databasedokument kan flytta makroar opp i Bases fillagringsområde. Då kan du undersøkja makroane og endra dei som du vil.
For eksempel er det mogleg at makroar frå deldokument har det same del- og makronamnet. Etter at du har flytt makroane inn i eit felles lagringsområde, må du redigera makroane for å gjera namna unike. Vegvisaren kan ikkje gjera dette.
Vegvisaren kan laga reservekopiar av Base-filene til ei valfri mappe. Vegvisaren forandrar den opphavlege fila, reservekopien vert ikkje endra.