Verktøy

Verktøy-menyen i eit databasevindauge.

Relasjonar

Opnar dialogvindauget Relasjonsutforming og kontrollerer om databasekoplinga støttar relasjonar.

Brukaradministrering

Opnar dialogvindauget «Brukaradministrering» viss databasen støttar dette.

Tabellfilter

Opnar dialogvindauget «Tabellfilter» der du kan bestemma kva tabellar i databasen som skal vera synlege eller gøymde.

Vel dei tabellane som du vil filtrere i lista Filter.

Viss du vel den øvste tabellen i eit hierarki, vert alle tabellane i hierarkiet merkte.

Viss du vel ein tabell på eit lågare nivå i hierarkiet, vert tabellane over han i hierarkiet ikkje merkte.

SQL

Opnar dialogvindauget «SQL», der du kan skriva inn SQL-setningar.

Støtt oss!