Fil

Fil-menyen for eit databasevindauge. Berre oppføringar for databasar vert viste.

Lagra

Lagrar gjeldande databasefil, spørjing, skjema eller rapport. For databasefila kjem dialogvindauget fil lagra opp. For dei andre dialogvindauget Lagra.

Lagra som

Lagrar den gjeldande databasefila med eit anna namn. Vel sti og filnamn i dialogvindauget fil lagra

Eksporter

Eksporterer den merkte rapporten eller det merkte skjemaet til eit tekstdokument. Ein dynamisk rapport vert eksportert som ein kopi av databasen på eksporttidspunktet.

Send

Opnar ein undermeny.

E-postdokument

Opnar standardprogrammet for e-post for å sende ein ny e-post. Databasefila vert tatt med som eit vedlegg. Du kan skriva inn emne, mottakarar og ei melding.

Rapport som e-post

Opnar standardprogrammet for e-post for å sende ein ny e-post. Den valde rapporten vert tatt med som eit vedlegg. Du kan skriva inn emne, mottakarar og ein melding. Ein dynamisk rapport vert lagt ved som ein kopi av databaseinnhaldet ved eksporttidspunktet.

Rapport til tekstdokument

Eksporter den valde rapporten som eit tekstdokument. Ein dynamisk rapport vert lagt ved som ein kopi av databaseinnhaldet ved eksporttidspunktet.

Støtt oss!