Oracle-databasekopling

Angjev innstillingar for tilgang til ein Oracle-database.

Oracle-database

Du kan bruka ein JDBC-drivar for å få tilgang til ein Oracle-database frå Solaris eller Linux. For tilgang til databasen frå Windows, treng du ein ODBC-drivar.

Namnet på Oracle-databasen

Skriv inn namnet på Oracle-databasen. Spør databaseadministratoren for å få det rette namnet.

Tenaradresse

Skriv inn adressa til databasetenaren. Dette er namnet på maskinen som køyrer Oracle-databasen. Du kan også bytte ut vertsnamn med IP-adressa til tenaren.

Portnummer

Skriv inn portnummeret for Oracle-databasen. Spør databaseadministratoren for å få den rette portadressa.

Oracle JDBC-drivarklasse

Skriv inn namnet på JDBC-drivaren.

Testklasse

Testar koplinga med dei gjeldande innstillingane.

Autentisering

Databasevegvisar

Støtt oss!