MariaDB- og MySQL-tilkopling

Spesifiserer innstillingane for MariaDB- og MySQL-databasane.

Direkte tilkopling for MariaDB- og MySQL-databasar

Databasenamn

Skriv inn namnet på MariaDB- eller MySQL-databasen. Spør databaseadministratoren om det rette namnet.

Tenaradresse

Skriv inn adressa til databasetenaren. Dette er namnet på maskinen som køyrer MariaDB- eller MySQL-databasen. Du kan også bytte ut vertsnamnet med IP-adressa til tenaren.

Portnummer

Skriv inn portnummeret for databasetenaren. Spør databaseadministratoren om rett portadresse. Standard portnummer for MySQL- eller MariaDB-databasar er 3306.

Kopla til med ODBC (Open Database Connectivity)

Kopla til ei eksisterande ODBC-datakjelde som er sett på systemnivå.

Kopla til med JDBC (Java Database Connectivity)

Koplar til ei eksisterande JDBC-datakjelde som vart sett på systemnivå.

Den neste sida i vegvisaren avhenger av om du har vald ODBC eller JDBC:

ODBC-kopling

JDBC-kopling

Autentisering

Databasevegvisar

Støtt oss!