LDAP-kopling

Angjev innstillingar for import av ein database ved hjelp av LDAP (Lightweight Directory Access Protocol). Denne sida er berre tilgjengeleg viss du har registrert ein LDAP-tenar som ein adressedatabase.

Tenaradresse

Skriv inn namnet på LDAP-tenaren i formatet «ldap.tenar.com».

Base DN

Skriv inn startpunktet for søk i LDAP-databasen, for eksempel «dc=com».

Portnummer

Skriv inn portnummeret for LDAP-tenaren, normalt 389.

Bruk sikker tilkopling (SSL)

Lagar ei sikker tilkopling til LDAP-tenaren via Secure Sockets Layer (SSL). Som standard brukar ei SSL-tilkopling port 636. Ei vanleg tilkopling brukar port 389.

Støtt oss!