JDBC-kopling

Angjev innstillingar for å få tilgang til ein JDBC-database.

JDBC-eksempel

Du kan bruka ein JDBC-drivarklasse for å kopla til ein JDBC-database frå LibreOffice. Drivarklassen vert levert av databaseprodusenten. To eksempel på JDBC-databasar er Oracle og MySQL.

Merknadsikon

Drivarklassane må leggjast til i LibreOffice i → LibreOffice → Avansert.


Oracle-database

Du kan bruka ein JDBC-drivar for å få tilgang til ein Oracle-database frå Solaris eller Linux. For tilgang til databasen frå Windows, treng du ein ODBC-drivar.

I boksen Nettadresse til datakjelda kan du skriva inn plasseringa av Oracle-databasetenaren. Syntaksen for nettadressa er avhengig av databasetypen. Sjå på dokumentasjonen som kom med JDBC-drivaren for fleire opplysningar.

For ein Oracle-database er syntaksen for nettadressa:

oracle:thin:@vertnamn:port:database_namn

MySQL-database

Drivaren for MySQL-databasen er tilgjengeleg på nettstaden til MySQL.

Syntaksen for ein MySQL-database er:

mysql://vertnamn:port/database_namn

Nettadresse for datakjelda

Skriv inn adressa for databasen. For MySQL JDBC-drivaren skriv du for eksempel «mysql: // <tenarnamn> / <namn på databasen>». For meir informasjon om JDBC-drivaren, sjå dokumentasjonen som fylgde med drivaren.

JDBC-drivarklasse

Skriv inn namnet på JDBC-drivaren.

Åtvaringsikon

Før du kan bruka ein JDBC-drivar, må du leggja til klassestien. Vel -LibreOffice → Avansert og trykk på knappen Klassesti. Etter at du har lagt til stinformasjonen, start LibreOffice på nytt.


Test klasse

Test koplinga med dei gjeldande innstillingane.

Autentisering

Databasevegvisar

Støtt oss!