ADO-kopling

Angje innstillingar for å leggja til ein ADO-database (Microsoft ActiveX Data Objects).

Merknadsikon

ADO-grensesnittet er ein komponent i Microsoft Windows som vert brukt for å kopla til databasar.


Tipsikon

LibreOffice krev Microsoft Data Access Components (MDAC) for å kunna bruka ADO-grensesnittet. Microsoft Windows 2000 og XP har desse komponentane som standard.


Nettadresse for datakjelda

Skriv inn adressa for datakjelda.

Eksempeladresser

For å kopla til ei Access 2000-fil, bruk formatet:

PROVIDER=Microsoft.Jet.OLEDB.4.0;DATA SOURCE=c:\Access\nwind2000.mdb

For å kopla ein katalog med namnet «first» til ein Microsoft SQL-tenar som har namnet «turner», skriv:

PROVIDER=sqloledb;DATA SOURCE=turner;INITIAL CATALOG=First

For å få tilgang til ein ODBC-drivar som ein leverandør:

DSN=SQLSERVER

Bla gjennom

Trykk for å opna eit dialogvindauge der du kan velja ein database.

Merknadsikon

Eit brukarnamn kan vera på opp til 18 teikn.


Merknadsikon

Eit passord må innehalda frå 3 til 18 teikn.


Databasevegvisar

Støtt oss!